Dagbok

28.08.08 Minus 46 grader. Fint vær men det tar ikkje lange stunda før ein er kald.

22.08.08 Fin dag på Troll. Sammen med Atle og Geir har eg jobba med den gamle gravemaskina i dag. Sikkert greit at maskina er operativ

               til sommarfolka  kjem hit i november. Geir og eg hadde ein fin fjelltur etter lunsch. Gjekk etter GPS så me fekk trening i bruk av den og.

07.08.08 Minus 46 grader i dag

29.07.08 Endelig ser me sol igjen. Oppe ved com 2 dukka sola fram i dag. Sist me såg  sola var 14 mai.

23.06.08 Minus 50 grader. Fekk  ikkje start på maskinene i dag.

17.06.08 Minus 46 grader i dag.

16.06.08  Etter ein mildværsperiode og ein kraftig orkan til er no kulda komme tilbake. I dag tidleg målte vi 45 minusgrader.

02.06.08 I dag fekk me verkelig sjå kva krefter orkanen hadde hatt. Fat var blåst fleire kilometer, sovebrakka på everesten var løfta av sleden

               og låg på sida 10 meter vekke.Sleder var blåst over isen.Atle fann til og med igjen døra til utedoen.

31.05.08 Etter ein langt kuldeperiode har temperturen steget. I går kveld kom orkanen og den har vart i snart eit døgn. Enorm vind.

               På flyplassen er det registrert 46 sekundmeter. Var ein tur i kraftstasjonen og måtte leggja meg ned for ikkje å fara med vinden.

               Det er og kaldt på rommet mitt. I dag tidleg låg det ein snøhaug i glasskarmen og huset og senga ristar. Godt huset er festa med barduner.

22.05.08 42 minusgrader i dag

18.05.08 Ny kulderekord for meg  her nede i dag. Målaren viste -40 grader nede ved køyretøya.

17.05.08 Fin 17 mai feiring. I år hadde eg vakt og måtte laga eit opplegg for 17.mai. Me starta med flaggheising kl.12.00. Deretter

               gjekk me i tog på isen. Me sang nasjonalsangen og. Så hadde Annika tale før me hadde konkuransar på isen.

              melkespannkasting og tautrekking. Ca kl 14.30 grilla me og så serverte eg rømmegraut og spekemat på kvelden.

14.05.08  Siste dagen me såg gløtt av sola. No er det mørketid i ca 10 veker.

13.05.08   Kuldeperioden fortsetter. I dag er det registrert - 38 grader

10.05.08  -39 grader i dag. Kaldeste måling så langt i år

08.05.08 - 37 grader i dag.

07.05.08 -34 grader i dag. Vanskelig og stor jobb å fa start på køyretøy i dag men dei måtte igang til slutt pga.

                  at me måtte henta diesel til kraftstasjonen.

26.04.08 Fint vær for tida men mørketida nærmar seg med stormskritt. Månen er opp heile tida. Det er berre Heidi,Geir og

               eg som er igjen på Troll i helga. Dei andre er reist på tur til bistasjonen Tor. Elles er telefon og data ofte ute av drift for

                tida. Må bruka sattelittelefon for å få kontakt med heimen.

19.04.08. Lørdag i dag. Gradestokken nede ved køyretøya viste -37 grader.Gjekk ein tur på 2 timer men det var kaldt.

16.04.08 -32 grader i dag.Har ikkje prøvd å starta nokon maskiner ute. Har laga til med byggtørkerovn der ein kan pøsa på

                med varmluft under bunnpanna.Har og funne ut kvifor Yamahascootere ikkje startar når det er så kaldt.Dei får ikkje

                bensin men ved å lunke litt med varmluftpistolen rundt forgasserne starter dei.

*15.04.08 -28 grader i dag.Store probløem å få start på køyretøy og sidelaster.

*10.04.08 Kobla over på nye kraftstasjonen i dag. Funka greit.Vind og berre -10 grader i dag.

                Gratulerer med dagen til Øystein og Odd Olav.

 

*04.04.2008 Etter 2 døgn med orkan og snøstorm har me endeleg fått nokon dagar med fint vær.

                     Kjører på reservekraftstasjonen fortsatt.

* 26.03.2008 Mykje vind i dag. Perioder med full storm. I dag har me starta opp reservekraftstasjonen

                      for å bruke og teste den. Har service og vedlikehold på nye kraftstasjonen.

* 22.03.2008 Påskeafta. Vart ein strevsom dag. Vakta kom og sa det var bankelyd i eine aggregatet.

                      Då eg kom ned var det berre å stoppe motoren. Det var slått hol i eine toppdekselet.

                     Innsprutningsventilen hadde hengt seg opp og støtstanga var hoppa utav. Løftarane var

                    og skada .Med god hjelp av Atle fekk me reparert skadane. Lang dag.

*21.03.2008 Langfredag. Atle, Geir og eg har vore  på toppen av fjellet Volkonskogo Gora ca 2045

                     meter høgt. Sol og vindstille. Me skulle bruka stegjern ned igjen, men på toppen

                     oppdaga eg at eg hadde gløymt dei.  Distre eg, nei. Kom ned likavel.

*16.03.2008 I dag har det vore sterk vind med orkan i kasta. Vore innedag. Geir og eg var på verkstaden

                     og klatra litt. Høgdepunktet for dagen var biffmiddagen som Vidar og Atle serverte.

* 11.03.2008 Siste Basler flyet var innom i dag. Det kom ikkje deler til fresen, så då er det berre til å

                      pakka den vekk. Vart ulyd i transferkassa på 206en i dag.Den er i dagleg bruk så det

                     blir nok skruing framover. Elles strålande vær 15 - 20 minusgrader.

* 08.03.2008 I dag var Annika,Geir og eg på scootertur til fjellområde Jutulsessen.Eit fantastisk fjellområde.

                      Tok på oss stegjern og klatra opp i isen. Ny opplevelse for meg.

*03.03.2008 Skya vær og snø i luften. Meldt sterk vind til natta. I dag har eg skifta punktert hjul på T4S. Montert på fres og fresa is som eg har køyrt i smeltekaret. Rutinekontroll av kraftstasjon. Avslutta dagen med 1 time trening.

*02.03.2008 Litt trist dag i dag. Måtte i hu og hast ut til flyplassen med flybensin for å tanke opp det canadiske flyet. Det skjedde ei ulukke på den tyske basen Neumayeir dag. Eit helikopter datt ned. 2 stk omkom medan 3 stk er alvorlig skada.   Overskya vær i dag og litt vind.Ca -16 grader.

* 27.02.2008 I dag var eg opp kl.04.30. Sommerpersonellet skal reise heim og overvintringsteamet måtte kjøre dei til Troll airport. 15 stk reiste i dag. No er vi berre 6 stk. igjen. Fresen som vi bruker til å frese flyplassen gjekk istykker i dag. Deler er bestilt og vi håper å få dei ut med eit ekstra fly den 10. mars. Ellers har eg hatt strålande vær omtrent heile tida. Temparatur mellom 10 og 20 kuldegrader.*14.02.2008 Flyet landa på den russiske flyplassen på Novo tidleg om morgonen. Grunnen til at dei landar om morgonen er at isen då er hardast. Den tyske legen var svært dårleg då me landa og eg kjend at invollane mine og vrengde seg. Etter å flydd i ca 4000 m høgde trur eg at det har vore for lavt trykk i cabinen. Ved flydøra såg eg eine russaren stappa eit håndkle for å tette eit hol. Den tyske legen og eg skulle fykast vidare til Troll, men flyet som skulle fyka oss kom ikkje å henta oss før om kvelden. Legen var fortsatt dårleg så me vart frakta bort i eit telt med varme i, der me måtte venta. Om kvelden kom eit lite fly med canadisk mannskap ombord og henta oss. Det tok ein time å fyka inn til den norske flyplassen på Troll. Den ligg ca 7 km fra sjølve Trollstasjonen. Der sto mannskap fra den norske Trollstasjonen og henta oss med 206 banvogner. Strålande vær.

*13.02.2008 Vart henta på hotellet ca.13.00. Kjørt til ALCI sine lokale der me som skulle til sydpolen vart orienterte om kva som skulle skje. Av dei som skulle  fykast ut  til den russiske stasjonen Novo i kveld var det  ein fra India, ein amerikanar, 2 belgiarar og til Troll var  det den tyske legen Annika Gross og eg. Det russiske militærflyet Ilushin letta kl.21.45 ca 20 min forsenka pga. eit frykteleg regn. God plass i flyet som og var lasta med mykje utstyr bl.anna dusinvis med fat flybensin eller parafin som flya brukar no. Russarane skjøna ikkje eit kløyva ord  engelsk men tegnspråk funka. To av russarane fann seg solmadrasser som dei sette oppå parafinfata og sov der..

*12.02.2008.Får beskjed av agenten at brifingmøte med russarane er utsatt ein dag. Dermed kan eg nyta finværet og stemningen i C.T. Bagasje kom fram i dag.

*11.02.2008. Landa i Cape Town utpå morgonkvisten. Mangla ein del bagasje som ikkje var med flyet.  Agenten som skulle møte med der var ikkjeå finna så det vart ein del telefonar og styr før det ordna seg. Vart kjørt til hotel Continental som ligg i bydelen Waterfront. Ein fantastisk flott by som skal arrangere fotball VM i 2010.Sjåføren seier det er veldig mykje kriminalitet i Cape Town og Waterfront er den einast trygge bydelen for turister. Godt motteke på hotellet, men eg ser at det omtrent berre  negrar som jobbar der. Får beskjed av agenten  at det skal være briefingmøte med ALCI i morgon.

*10.02.2008. Avreise fra London om kvelden med eit Airbus340-600. Største flyet eg nokon gong har reist med. Tar 317 passasjerar

* 09.02.2008. Avreise fra Norheimsund kl.08.15. Fly til Gardermoen. Fly fra Gardermoen til Heathrow. Flyet til British Airways var ein time forsenka da det landa i London. Dermed rakk eg ikkje flyet til South African Airlines som skulle fyka vidare til Cape Town. Måtte dermed venta eit døgn der før eg fekk plass på nytt fly. British Airways måtte dermed ordne med hotell.